REGLEMENT FOR ELEVAR VED
KVS-BYGLAND
Forskrift fastsett 21.03.
2007 av skolen sitt styre, med heimel i friskoleloven §3-9.
§ 1 FORMÅL
Det er Indremisjonsforbundet
som eig og driv skolen. Skolen sitt mål er å dyktiggjera ungdommen
for yrkeslivet og livet i heimen og samfunnet, og søkja å fremja
karaktervekst og personleg kristenliv hos elevane. Målet søkjer ein
å nå ved god fagleg og allmenn utdanning og ved å arbeida for eit
godt kristent miljø ved skolen.
Skolen blir leidd i kristen ånd. Elevar og andre som har sitt virke
ved skolen, må i samsvar med dette visa fin og sømeleg framferd.
Elevane må også utanfor skoleområdet oppføra seg slik at det ikkje
er noko å utsetja på dei.
Formålet med reglementet er
at det skal føra til godt samarbeid, god trivsel, respekt og
medansvar. Reglementet skal fremja god orden og gode arbeidsvanar og
slik leggje til rette for god læring.
§ 2 VIRKEOMRÅDE
Reglementet gjelder for
alle elever ved skolen. Reglementet gjeld også ved opplæringsformer
og aktivitetar som gis under skolens ansvar og regi utanfor skolens
område, så langt dette ikkje er i strid med lokalgitte påbod eller
forbod.
§ 3 RETTAR
Elevane har rett til
vidaregåande opplæring i samsvar med friskolelova og gjeldande
forskrifter og læreplanar.
Elevane har rett og plikt
til å danna elevråd, jf. § 5-3 i friskoleloven.
Elevråd og
elevorganisasjonar har høve til å bruke bestemte oppslagstavler til
sitt formål. Brukarane har ansvar for at presse-etiske reglar vert
respekterte og at det vert rydda og halde orden på desse tavlene.
Rektor har overordna ansvar for at desse oppslagstavlene ikkje vert
brukt kommersielt eller uakseptabelt i høve til lovar og reglar.
Alle oppslag skal være stempla. Utdeling av brosjyrar og anna
materiell skal være godkjent av leiinga ved skolen.
Skolen skal legge til rette
for gode arbeidsforhold for elevane sine tillitsvalde og også leggje
tilhøva til rette for at elevane vert engasjerte til medviten
aktivitet i politiske og samfunnsmessige spørsmål.
Elevrådsrepresentantar har
rett til regelmessige møte med skoleleiinga.
§ 4 PLIKTER
a. Elevane har plikt til å
retta seg etter dei lovar, reglement og instruksar som gjeld til ei
kvar tid.
b. Elevane pliktar å ta
aktivt del i opplæringa i den form den blir gitt eller avtalt.
c. Eleven skal så snart som
råd ta kontakt med faglærar dersom han/ho ikkje kan gjera arbeid til
avtalt tid.
d. Elevane skal retta seg
etter dei vernereglar og bruka det arbeidstøy og verneutstyr som
vert kravd i læreplanen eller som er påbode av arbeidstilsynet,
departementet eller skolen.
e. Elevane skal halde seg
med lærestoff, materiell og utstyr til eige bruk som skolen ikkje
held.
f. Skolens eigedom og
utstyr skal handsamast forsiktig. Hærverk og skader kan medføre
erstatningsansvar, jf. skadeerstatningslova.
g. Elevar over 18 år som
gjennom sitt arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande
opplæring blir kjent med teiepliktige opplysningar, har teieplikt
etter forvaltningslova sine reglar.
§ 13 - 13 f. Teieplikta
gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring.
§ 5 ARBEIDS- OG
LÆRINGSMILJØET
Eit godt arbeids- og
læringsmiljø er grunnleggjande for god opplæring.
Det skal derfor leggast
vekt på å skapa eit godt miljø i vidaregåande opplæring prega av
engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer. Det er viktig
å vise respekt og medansvar og unngå eller hindra åtferd som har
negativ verknad på miljøet.
Viser til § 2-4 i
friskolelova.
I tillegg gjelder:
a. Mobiltelefon er ikkje
tillate brukt medan opplæring føregår, dersom ikkje anna er avtalt
med rektor/klassestyrar.
b. Arbeidsvanane i
vidaregåande opplæring skal vera prega av at ein viser ansvar og
orden, og at ein er ryddig, punktleg og påliteleg.
c. Det er ikkje tillate å
bruka skolen til å fremja kommersielle interesser ovafor elevane.
e. Ingen har lov til å
røykja eller bruka tobakk i skolen sine bygningar og lokale skolen
leiger. Røyking er bare tillate utandørs på fastsett røykeplass og
skal ikkje førekoma ved inngangane.
d. Bruk eller oppbevaring
av rusmiddel er forbode i skoletida, også ved ekskursjonar. Det er
også forbode å være påverka av rusmiddel.
e. Det er forbode å ha med
seg farlege gjenstandar eller våpen på skolen sitt område i
skoletida og ved ekskursjonar, dersom det ikkje er ein del av
undervisninga.
f. Det er ikkje tillate å
bruka skolens dataanlegg til å lasta ned, lesa eller spreie
pornografisk, rasistisk eller anna materiale som kan oppfattast som
krenkande, eller som er i strid med norsk lov.
§ 6 OPPMØTE OG FRÅVÆR
a. Aktiv deltaking er
naudsynt for god læring. Elevane er forplikta til å møta presis til
opplæringa med mindre det ligg føre avtale med faglærar eller rektor
om ei anna arbeidsform.
b. Dersom ein elev blir
sjuk eller av tvingande grunn må forlate opplæringa i løpet av
skoledagen, skal han eller ho alltid melda frå til
klassestyrar/faglærer eller skolens kontor.
c. Dersom fråværet varer
meir enn tre dagar i samanheng, skal skolen ha melding.
d. Skolen skal prøve å
hjelpe elevar som får mykje fråvær på grunn av langvarig/kronisk
sjukdom eller omsorgsansvar (ekstra opplæring, ekstra prøver,
sjølvstendig studiearbeid) for å unngå tap av opplæring og
vurderingsgrunnlag. Dette krev også interesse og innsats frå eleven
si side.
e. Elevar som er mykje
borte frå undervisninga på grunn av organisasjonsarbeid, skal kunne
få tilrettelegging og vegleiing, samt tilbod om ekstra prøver, for å
unngå tap av opplæring og vurderingsgrunnlag.
f. Alt fråvær blir ført jfr
forskrift til friskoleloven §4-32.
g. Høgt fråvær kan medføra
at det faglege vurderingsgrunnlaget blir så svekka at det ikkje kan
setjast termin- eller standpunktkarakterar. Kvar einskild elev skal
vurderast individuelt og heilskapleg, mellom anna ut frå eleven si
deltaking i prøvar, innleveringar og liknande. Det skal gjevast
varsel jfr § 4-10 i forskrift til friskoleloven
§ 7 FUSK ELLER FORSØK PÅ
FUSK
Ikkje tillatne
hjelpemiddel, og ikkje tillaten kommunikasjon med andre i ein
prøvesituasjon reknast som fusk. Det same gjeld avskrift av andre
sitt arbeid som vert innlevert som eige produkt. Fusk eller forsøk
på fusk vert sett på som eit brot på gjeldande reglement og kravet
til elevane si orden og åtferd, jf. § 8. Karakteren på den
prøven/innleveringa det gjeld, blir annullert. Konsekvensane av
dette kan bli at eleven ikkje får termin- eller standpunktkarakter
og får nedsett karakter i orden og åtferd. Dermed kan eleven misse
retten til å gå opp til eksamen i faget. Dersom ein elev blir teken
i fusk eller forsøk på fusk i samband med eksamen, skal forholdet
meldast til rektor og/eller eksamensansvarleg og handsamast etter
reglane i sentralgitt forskrift.
§ 8 KONSEKVENSAR FOR ELEVAR
SOM BRYT REGLEMENTET
Brot på reglementet vil
resultera i reaksjonar mot eleven i form av refsingstiltak eller
særskilt tiltak.
Refsingstiltak vil vera:
· Påtale frå tilsette ved
skolen.
· Utelukking frå
klasse/gruppe for resten av timen etter avgjerd av faglærar
· Utelukking frå skolen for
resten av skoledagen etter avgjerd av rektor Ved alvorlige brot på
ordensreglementet, eller dersom negative forhold ikkje betrar seg
etter refsingstiltak, kan særskilt tiltak setjast i verk.
Særskilte tiltak er:
· Bortvisning av eleven frå
og med ein hel skoledag og inntil fem skoledagar etter avgjerd av
rektor.
· Bortvisning for resten av
skoleåret i medhald av friskolelova. § 3-10 etter vedtak i
fylkeskommunen. Dette kan medføra at eleven i tillegg taper retten
til vidaregåande opplæring etter § 3-2 i same lov. Tiltaka skal
dokumenterast.
I tillegg til
refsingstiltak eller særskilt tiltak kan til dømes dette vera ein
konsekvens av brot på reglementet:
· Avgrensa tilgang til
spesielle aktivitetar ved fornya eller alvorlege brot på
reglar/retningslinjer for slike aktivitetar.
· Ved skade og liknande på
skolens eigedom, vil det måtte gjerast reingjering/istandsetjing,
evt. betale erstatning (jf. skadeserstatningsloven).
· Brot på reglementet vil
bli teke med i vurderinga ved fastsetjing av termin- og
standpunktkarakter i orden og åtferd.
§ 9 SAKSBEHANDLING
Før refsingstiltak blir
brukt, skal eleven ha høve til munnleg å forklara seg for den som
skal ta avgjerda. Ved særskilt tiltak skal rektor først rådføre seg
med eleven sine lærarar. Før særskilt tiltak tas i bruk skal skolen
først vurdera alternative tiltak, for eksempel hjelpetiltak og/eller
individuell kontrakt, og rådgjevar eller sosialpedagogisk personale
skal ha hatt høve til å uttala seg.
Særskilt tiltak reknast som
enkeltvedtak etter forvaltningsloven, og eleven har dermed rett til
dokumentinnsyn, til å uttala seg som part i saka og å klage på eit
vedtak i samsvar med kapitel IV -VI i forvaltningsloven. Eleven har
rett til nærare vegleiing om sine rettar som part og framgangsmåte
ved klage. Klageinstans er Fylkesmannen.
§ 10 KONTAKT SKOLE/HEIM
Det skal leggjast vekt på å
skape gode samarbeidsformer mellom skole og heim, og
foreldre/føresette for umyndige elevar har også krav på formell
informasjon om enkelte spesielle forhold. Dette gjeld særlig de
forhold som er viktige for at eleven skal nå målet med opplæringen.
Skolen går ut frå at elevane sjølv vidareformidlar aktuell
informasjon til foreldre/føresette. Det gis dessutan samanfattande
skriftlig og/eller munnleg informasjon i samband med foreldremøte og
elles ved spesielle saker, jf. nedanfor.
Det vert kalla inn til
foreldremøte kvart halvår.
Elev og foreldre/føresette
for umyndig elev har rett til:
· Melding om termin- og
standpunktkarakterer.
· Melding ved gjentatt
refsingstiltak.
· Nærare informasjon dersom
ein vesentleg eller spesielt risikofylt del av opplæring/aktivitetar
skal skje utanom skolens område.
· Partsrettar i samband med
saksførebuing, underretning og klage ved særskilt tiltak.
· Informasjon når eleven
får høgt fråvær.
· Informasjon om særlige
problem i forhold til opplæring/skolegang, under dette behov for
spesialundervisning.
· Tilbod om
spesialundervisning skal så langt råd, utformast i samarbeid med
elev og foreldre, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.
· Informasjon om forhold
ved skolen/verksemda som kan ha negativ verknad på helsa (jf. § 5 i
forskrift om miljørettet helsevern).
· Informasjon om skolens
reglement.
Reglement for internat og fritid ved KVS-Bygland
Fastsett av skolens styre 24.03.2004
Målsetjing
Det er Indremisjonsforbundet som eig og driv skolen. Skolen sitt mål
er å dyktiggjera ungdommen for yrkeslivet og livet i heimen og
samfunnet, og søkja å fremja karaktervekst og personleg kristenliv
hos elevane. Målet søkjer ein å nå ved god fagleg og allmenn
utdanning og ved å arbeida for eit godt kristent miljø ved skolen.
§1. Skolen blir leidd i kristen ånd. Elevar og andre som har sitt
virke ved skolen, må i samsvar med dette visa fin og sømeleg
framferd. Elevane må også utanfor skoleområdet oppføra seg slik at
det ikkje er noko å utsetja på dei.
§2. Det er buplikt på skolen for dei som ikkje kan bu hos sine
foreldre/føresette. Elevane må ta omsyn til kvarandre. På
internatet må det ikkje spelast høg musikk eller lagast bråk, slik
at det ikkje er arbeidsro på roma. Alle elevar må rette seg etter
gjeldande ro-tider, og skal overnatte på sitt rom.
§3. Alle skal skriva seg på permisjonslista innan fredag
formiddag, anten dei skal vera på skolen eller skal heim/vekk i
helga. Dei som ikkje har fylt 18 år, må ha med løyve frå foreldre /
føresette dersom dei skal reise andre stader enn heim.
§4. Det er forbode å nyta eller ha i si varetekt alkohol eller andre
rusande middel. Det er forbode å vera rusa på skolen sitt
område/nærområde eller på arrangement eller reiser under skolen si
leiing og ansvar.
§5. Røyking er tillate bare på tilvist røykeplass. Røyking inne
(sneiper og lukt på rommet) fører til at rommet blir vaska ned for
romleigaren si rekning. Røyking på korridor/altan fører til
tilsvarande kostnad med nedvasking av korridor.
§6. Av omsyn til brannfare er det heller ikkje lov til å tenna
stearinlys eller røykelse, unntatt telys som flyt i vatn.
§7. Bilar må plasserast slik skolen fastset. Bilar som står utanom
desse områda risikerer å verta taua vekk på eigars rekning.
Uregistrerte bilar kan bare takast inn etter avtale med skolen.
Bilane kan då eventuelt stå i elevverkstaden i maks to veker.
Syklar og motorsyklar skal plasserast på tilvist plass. Fartsgrense
på skoletunet er 25 km/t.
§8. Elevane må ikkje ha skytevåpen og ammunisjon på skolen sitt
område utan etter nærare avtale. Sprengstoff og fyrverkeri er
heilt forbode på skolen sitt område.
§9. Elevane er ansvarlege for innbuet og romet dei er tildelt.
Oppslag og liknande som kan vera støytande kan bli fjerna, eller
kravd fjerna. Det er ikkje høve til å ha egne kvitevarer, med
unnatak av kjøleskap. Elevane må til ei kvar tid halda god romorden.
Rom og innbu skal ikkje bytast utan etter avtale med skolen. Elevane
sine rom skal vera ryddige og reine. Skolen har tilsynsrett på
elevromma. Ved skoleårets slutt blir det utstedt internatvitnemål.
Husk også å tenke enøk: Bl.a. ved å skru ned radiator når du opnar
vindauge.
§10. Kost og
losjisatsane inkluderer rom, fellesrom og måltider. Husleige må
betalast kvar månad. Ein betaler for det rommet ein til ei kvar tid
har. Dersom du ufrivillig hamnar på eit enkeltrom må du betale den
aktuelle enkeltromsatsen. Elevar som vil flytte ut av internatet må
betale full sats i oppseiingstida, som er 3-tre- månader. Det kan
gjerast unnatak frå dette.
§11. Det er i
utgangspunktet pålagte plikter med korridorvask og kjøkkenteneste.
Dei som ikkje stiller opp til dette får merknader og må betale for
vikar. I staden for kjøkkenteneste kan du velja å betala. Hugs også
at plassen din i matsalen skal ryddast etter måltida.
§12. Dersom
du vil ha besøkande for overnatting, skal det avtalast med husmor.
Besøk midt i veka vert avgjort etter søknad. Besøkande betaler for
seg før dei reiser. Du er ansvarleg for at dine gjester betaler.
Overnatting
på eige rom gjeld kun personar av same kjønn. Gjestar må også førast
på gjesteliste. Gjester må innrette seg etter skolens reglar.
Det er ikkje lov å ta inn i elevheimane rusa personar eller
personar som lagar bråk. Romeigaren eller andre må straks seia i
frå til husfar når det er slike folk på skolen.
§13. Skade på bygningar, innbu, dyr, utstyr m.m. må straks meldast
til skolen av dei som oppdagar skaden eller er skuld i denne.
Elevane er ansvarleg for skade dei valdar som skuldast uvøren
framferd eller aktløyse, og må då svara fullt vederlag. Blir skaden
ikkje meld, er det å rekna som hærverk og vil få disiplinære
konsekvensar.
§14. Bruk av
video, DVD film, og liknande, kan skje etter inngått avtale. Fast
internettilknyting er bare tillate på avtalt rom.
§15. For at den enkelte elev skal få lov å sjå film på rommet,
åleine eller saman med andre, må det skrivast ein kontrakt med
skolen. Kontrakten seier at:
- Film og video avspeling avsluttast seinast ved rotid på
internatet.
- Det er forbode å sjå filmar/videoar som inneheld: Grov vald,
pornografi, Støytande scener, rasistisk eller nazistisk propaganda.
- Den som viser filmen er ansvarlig for at ingen som er yngre enn
aldersgrensa sett på filmen er til stade.
- Husfar skal til ei kvar tid kunne sjå coveret til filmen og
filmen.
§ 16. Reglar for bruk av skolens dataanlegg
a) Vanlege reglar som gjeld for mellom-menneskelege forhold, gjeld
også for Internett og elektronisk kommunikasjon (for eksempel:
e-post, chat, msm, sms, IRC) ved KVS-Bygland. Det tyder mellom anna
at ein skal bruka eit allment akseptert språk i kommunikasjon med
andre menneske.
b) Reglane gjeld for alle maskinar som blir kopla til skolens
nettverk, og frittståande maskinar på skolen sitt internat.
c) Det er forbode å søkja etter, laste ned, lagre, skrive ut, eller
spreie materiale via Internett som: - inneheld pornografi,
nazistisk og eller rasistisk propaganda.
- inneheld hat, oppfordring til bruk av narkotika, vald
eller andre brotsverk
- har til formål å skada maskinar eller andre personar
d) Det er forbode å sende e-post som har til formål å skada, til
dømes ”mail-bombing” virusspreiing etc.
e) Det er forbode å logga seg inn på eller prøva å bryte seg inn på
ein annan sin konto. Det er ikkje tillate å informere andre om sitt
eige eller andre sitt passord.
f) Kvar brukar er sjølv ansvarleg dersom det blir gjort avtalar på
Internett, økonomisk eller på annan måte.
g) Når eleven ikkje sit ved PCen, skal vedkomande vera logga ut.
h) Kvar elev har ein viss lagringsplass tilgjengeleg på sitt
heimeområde. Dersom grensa blir overskreden kan systemansvarleg utan
varsel sletta filer for å koma under grensa.
i) Skolen er ikkje ansvarleg dersom privat datautstyr blir borte
eller filer/data forsvinn.
§17. Brot på reglementet for internat og fritid kan frå skolen si
side føra til desse tiltaka:
- Rådgjeving
- Åtvaring
- Beslaglegging av støykilde
- Melding til heimen
- Refsingstiltak
t.d. påtale frå rektor
/ inspektør, utelukking frå internat og skolen sitt område.
- Særskilde refsingstiltak
Utelukke frå internat og skolen sitt område for lenger tid. Til
dømes brot på §4, hærverk, misbruk av brannalarm, ulovleg
bruk/oppbevaring av fyrverkeri vil normalt føra til særskilt
refsingstiltak.
- Bortvising
Utelukking for meir enn 5 dagar. Vert brukt ved alvorlegare
forsømingar og regelbrot. I alvorlege tilfelle eller ved 60 prikkar,
kan eleven bli utelukka for godt. Plikta til betaling opphøyrer
ikkje utan vidare av den grunn. Utelukking frå undervisninga fører
automatisk til utlukking frå internatet.
§ 18. Før refsingstiltak blir brukt, skal eleven ha høve til munnleg
å forklara seg for den som skal ta avgjerda. Før særskilt tiltak tas
i bruk skal skolen først vurdera alternative tiltak, for eksempel
hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og rådgjevar eller
sosialpedagogisk personale skal ha hatt høve til å uttala seg.
Særskilt tiltak reknast som enkeltvedtak etter forvaltningsloven, og
eleven har dermed rett til dokumentinnsyn, til å uttala seg som part
i saka og å klage på eit vedtak i samsvar med kapitel IV -VI i
forvaltningsloven. Eleven har rett til nærare vegleiing om sine
rettar som part og framgangsmåte ved klage. Klageinstans er styret
for skolen.
Vi imøteser et spennende og hyggelig skoleår på
KVS-Bygland!
Branninstruks
1. Varsling
a) Direkte
varsling til 110 når brannalarm utløses.
b) Ring
husfartelefonen eller 110 og meld om brann på KVS-Bygland
(113 kan brukes
for å varsle ambulanse, 112 til politi)
c) Varsle
ansatte
2. Evakuering
Rømning av rom
umiddelbart, lukk dører og vinduer.
Ikke dra med
personlige eiendeler!
NB!
Dersom rømningsveiene er blokkert av røyk el.lign., gå tilbake til
rommet.
Tett for røyk
under dørbladene, bruk håndklær o.l.
Gi beskjed
gjennom vindu hvor du er.
3. Parallelt med
evakuering prøver en å slokke med tilgjengelige brannapparater og
brannslanger.
4. Samling på
oppstillingsplass:
Møt opp ved
volleyballbanen straks.
Oppstilling
internatvis, lærer/husfar teller opp og melder fra til brannvesenet.
5. Informasjon
til brannvesenet
Hvor brenner
det ?
Hva brenner ?
Er noen savnet
?
Skolen
organiserer ansvarshavende til forskjellige oppgaver.
Daglig leder er
hovedansvarshavende. Hvis ikke han er der, er husfar eller en annen
ansatt.
Styring av
skolen
Elevråd
Hver klasse har
en elevrådsrepresentant, det blir valgt en tillitselev og en vara. I
elevrådet kan elevene ta opp saker de meiner er viktige for eigen
arbeidssituasjon og trivsel ved skolen.
Klasselærerråd
Alle som
underviser i ei klasse utgjør klasselærerråd for denne klassen.
Klasselærerrådet behandler saker som vedkjem undervisninga i
klassen, prosjektarbeid, standpunktkarakter og ordenskarakter.
Styret for skolen
Skolen blir
ledet av et styre. Her er det representanter for tilsette og en fra
elevrådet. Dette er skolen sitt øverste styringsorgan.
Husfar/nattevakt
De tilsette er
husfar etter tur. Husfar deltar ved måltida, og er elles til stede i
miljøet.
Miljøteam
En ansatt og
noen elever vil inngå i et "miljø-team". Målet med dette teamet er å
hjelpa hver enkelt til å auka trivselen både på skolen og på
internatet.
Samtaler
Alle tilsette er
innstilte på at elevene skal få et rikt og godt skoleår på alle
måter. Har du behov for en samtale med en av oss, så vær ikke redd
for å ta kontakt.
Kontaktlærer
Kontaktlærer er
en sentral person. Dette er
elevene sin
kontaktperson i saker som har med trivsel og
arbeidsforhold i
klassen å gjøre.
I år
blir Jon
Tallaksen, Alf Willy Nicolaisen,
Egil Brottveit, Olav Straume, Harald Solås, Lill Beate
Odderstøl og Tormod Stavrum kontaktlærere.
Rådgiver
Odd Ivar Aasen er skolen sin rådgiver.
Post
Posten blir lagt
ut etter middagen.
Skoledagen
Klassens time
Hver
kontaktlærer finner et tidspunkt for klassens time. Det blir der
informert om hva som skjer framover og andre ting. Elevene bør også
bruka denne "timen" til å fremme saker til elevrådet eller få svar
på spørsmål som dukker opp, om blant anna timeplanar, eksamen.
Elevene har sjølve ansvar for å få med seg den informasjonen som
vert gitt i disse timene.
Fravær
Det er veldig
flott å kunna vise fram et vitnemål med lite fravær, og
arbeids-giverne legg stor vekt på fraværet. Fravær kan påvirka
ordens-karakteren. Høgt fravær kan medføre at det ikke
blir satt termin
eller standpunktkarakter i
faget.
Lånekassen får varsel om fraværet overstig 20 dagar pr. termin,
stipendet kan då bli gjort om til lån. Sjå også §5 i
skolereglementet. Ved 20
dagar fråver
uten legeattest
misser du karakter i faga, og blir stilt nedst
på inntakslista året etter.
Fravær fra
prøver
Er en elev borte
frå prøver, kan det bli gitt dobbelt pensum på neste prøve eller ny
prøve uten varsel eller utsett ny prøve på slutten av året.
Sjukdom
Dersom du er
sjuk om morgenen skal du eller andre, gi melding ved frokost. Husmor
eller andre vil da besøke deg. For å sikre deg mot ugyldig fråvær
må du då skaffe deg legeattest.
Skoleåret og karakterer
Mobiltelefon
Skal være avslått i undervisningstida. Og
kan ikke brukes som kalkulator på prøver.
Orden i klasserommet
Det må holdes
orden i klasserommet. Eting, drikking m.m. skal ikke skje i timene.
Når skoledagen er slutt, skal klasserommet være rydda, og stoler og
pulter sette på plass. Alle vinduer må være lukka.
Læringsmiljø
Et godt
læringsmiljø er veldig viktig for å få et godt utbytte av skoletida.
Vi vil legga
stor vekt på at dette skal bli bra.
I starten av
skoleåret vil
kontaktlærer
sammen med elevene utarbeida kjøreregler for hva som er tillatt og
akseptabel atferd i undervisnings-situasjonen.
Mobbing
Den videregående
skolen i Norge har igjen fått fokus i media, om hvor store
konsekvenser mobbing kan få. Det er viktig at vi alle arbeider for
et inkluderende miljø, og har øye for om noen ”dett utafor”.
Skolemiljø
Elever/foreldre
har klagerett når skolen ikke handler etter påpeking ang fysisk og
psykososialt miljø.
Fellesskap - internat
KVS-Bygland er
en internatskole. Dette betyr at vi er sammen heile skoleåret,
både i skoletid
og fritid. For at et fellesskap skal fungere, må alle yte sitt.
Fellesoppgaver
kan være vask av fellesareal eller kjøkkentjeneste. Alle som bor på
internatet vasker ganger og garderober etter tur.
|
Ord 3:5
Sett din lit til Herren av hele ditt
hjerte, og stol ikke på din forstand! |
SLIK KAN DU
RINGE TIL SKOLEN
Husfartelefon
91 53 79 72
For å få tak i
elever er det enklest å ringe husfar ved måltidene.
Elevene er i
matsalen
kl. 07.30, (kl
09.00 på lørdag og søndag),
kl. 10.20,
(ikke lørdag og søndag), kl. 15.00,
(kl 13.00 på
lørdag og søndag) kl 19.00
Ordensmannstjeneste
Kjøkkentjeneste
er i utgangspunktet for alle elever som bor på internata. I år lar
vi dette bli valgfritt. De som velger å ha kjøkkentjeneste skriv seg
på liste i starten av skoleåret. Resten må betala kr 500,- for
oppvask og avtørking av bord. Husmor setter opp liste, og bytte må
avtalast med henne. Den som ikke møter til kjøkkentjeneste må betala
de som vikarierer.
Besøk
I helgene kan du
ta imot besøk, sjå internatreglementet §12
Rommet ditt
Du har betalt
(betaler) et depositum på
kr 1000,- for å
få utlevert nøkkel. Depositumet får du tilbake ved skoleslutt dersom
rommet er slik som når du kom. Romma kan ikke byttes uten etter
avtale med internatansvarlig (husmor).
Innvendig og
utvendig slitasje på dører er også ditt ansvar.
Når du forlater
rommet 07.40 skal rommet være lufta, radiator nedskrudd, og rommet
i god orden.
NB!
Meld ifrå straks om det skjer skader på rom eller dør, eller om det
har vært uheldig vannsøl.
Mister du
nøkkelen må du
betale kr 200,- for en ny.
Skolen foretar
jevnlig tilsyn med romma. Eventuell dårlig orden vil bli påpekt og
det vil bli sett i gang tiltak for at romorden skal bli god.
Det er lov å ha
med eigne dyr og fugler på skolen. Dette må avtalast. Kjæledyr
skal ikke være på internata uten etter særskilt avtale.
Uorden på
internatet
Uorden på
internatet blir registrert. Vi har laga til et system med
prikkbelastning. Disse vil ha betydning ved romfordeling neste år.
Ro og orden i
internatet
Det er en
selvfølge at en må ta hensyn til sine medelever. Alle skal være på
sine rom kl.23.00.
Besøkende må
forlate skolen senest kl 23.00, (24. i helga) og det skal då være
ro.
Internatvitnemål
Det vil bli
utskrevet et
internatvitnemål
ved
skoleårets
slutt.
Karakterene på
dette vitnemålet er de samme som for ordens-karakteren; Lite god,
Nokså god og God.
For hver termin
vil du få beskjed om hvordan du ligger an.
Følgende område
blir vurdert:
- Orden på
rommet
- Ordensmanns
tjenester
- Forholdet
elles til
skolens ordensregler.
Alkohol og rusmidler
For å skape et
godt elevmiljø vil vi holde rusmiddel borte. Bruk eller oppbevaring
av rusmidler må ikke forekomme på skolen eller i dens nærområde.
Det gjelder også på skolens turer. Sjå §5 og §8 i skolereglementet
og §4, og §17 i internatreglementet. Det er heller ikke lov å ha
alkoholreklame på internata §9.
Ved mistanke om
rus kan skolen tilby blåsing i alkotest eller anna testing for at en
eventuelt kan fri seg fra mistanken. Nekting av testing blir
behandla som om en er rusa.
Forsikring
Alt privat
utstyr på internata må forsikres. Det kan eventuelt være at
heimforsikringa til foreldre dekker dette. Men undersøk
forsikringsvilkåra. Noen reiseforsikringer kan også dekke skader
dersom du har vært
heime i løpet av
de siste 5 vekene. Vær obs. på at forsikringa bør dekke skade på
briller o.l. som skjer i skoletida.
Regler for filmframvisning
Det
er tillatt med video/DVD på elevromma. Det må ikke vises
pornografiske filmer. Elevråd og lærerråd blir enig om
retningslinjer for bruk av TV-rom.
Orden i tunet
Bruk
søppelbeholderne til sigarettsneiper, papir o.l. Hold orden rundt
internat, skolebygg og avdelinger.
Aviser
Disse blir lagt
ut på egna sted til fri benytting. Vær med på å holde god orden!
Røyking
Myndighetene
sett seg store mål i røykekuttarbeidet. Det er et mål at skolene i
Norge skal være røykfrie. Dette vil vi òg være med å gjøre vårt
til. Sjå også internatreglement §5. Røyking må kun skje på
anviste plassar. Elever under 18 år må ha foresattes tillatelse til
å røyke.
Parkering
Skolen tilbyr
fri parkering for motorkjøretøy som er registrert og forsikret.
Uregistrerte kjøretøy er det ikke anledning til å ta inn uten å
spørre rektor på forhånd.
De som ikke har sertifikat kan kjøre traktor
under tilsyn på skolens område.
Aktiviteter
Setesdal har
mange gode tilbud.
Skolen har
verksted, fotballbane, gymsal og sandvolleyballbane.
Verksted
Verkstedet kan
brukes som et aktivitetsrom der alle elever som har sykler, mopeder,
bil el.l., kan utøve sin hobby på like vilkår. Stein Godtfredsen
har ansvaret for verkstedet. De som bruker verkstedet har ansvar for
orden og rydding etter bruk.
Verkstedet og de
nære
omgivelser er
ikke beregnet til lagerplass for bildeler. Midlertidig lagring
skjer kun etter avtale med rektor.
Hyttene
Skolen har 4
hytter på heia. Disse kan lånes ut i helgene. Skolen peker da ut
en leder som må ta ansvaret.
Jakt
Jaktmulighetene
er svært gode. I tillegg til elg som vi jakter på i skoletida, kan
det jaktes på rådyr, bever og småvilt i fritida etter gjeldende
regler. Skolen disponerer 42000 dekar jaktareal. Du kan ta med
gevær/ ammunisjon til skolen, men dette kan ikke oppbevares på
rommet ditt. Elevene har selv ansvar for innlevering av våpen etter
bruk. Brudd på våpenreglementet kan føre til utvising fra
internatet eller miste retten til jakt. Ved alvorlige brudd vert
våpenet sende heim att for elevene rekning. Husfar anviser deg et
sted hvor
geværet skal
låses inn og
hvor evt.
pussing kan
foregå.
Gymnastikksal
Det skal
alltid benyttes sko som ikke setter merker. Gymlærer bestemmer
hvilket utstyr som kan benyttes inne. Salen skal ryddes etter bruk.
Bibliotek
Bygland kommune har bibliotek i sentrum som
kan benyttes. Åpningstidene er oppslått på døren.
EDB‑
Ett EDB-rom er
til visse tider disponibelt til elevene. Betingelsene er at
datakontrakten er underskrevet. Alle rom har tilgang til internett.
EN KRISTEN SKOLE
Andakter
Andakt holdes i
første time.
Lørdag og søndag
er det andakt ved husfar før middag.
Bønnemøte
Det er fint om
elevene selv kan organisere egne
bønnegrupper.
Møter
Hver tirsdag
kl.20.00 er du velkommen til dagligstua til et oppbyggelig møte.
Ellers er det også noen møteveker i løpet av året.
Bibelgrupper
kan alle delta
i.
Elevkvelder
Slike kvelder
arrangeres med jevne mellomrom. Klassene har ansvar for hver sine
kvelder. Planlegging bør skje i god tid, og rom bestilles før
torsdag uken før. Snakk med kokka om mat i god tid. Planleggingen av
/og rydding etter disse kveldene skjer utenom skoletiden.
SKOLETURER
Vi reiser på tur
til Latvia eller andre steder i mai. Skoleturen kan være et
hjelpeprosjekt.
Betaling
Kost og losji
beløper seg pr. år til:
Dobbeltrom 35
000,‑
Enkeltrom
45.000,‑
Skolepenger
beløper
seg pr år til kr
9 900,-
Betaling:
Stipend blir utbetalt månedlig fra
lånekassen. Kost og losjipenger til skolen kan trekkes automatisk
fra din konto. Det gjøres ved hjelp av avtalegiro.
Avtalegirofullmakt ble utsendt sammen med opptaksbrevet. Har du
husket på å returnere den til skolen?
Alle må
søke om stipend før 15.nov.2008.
Det er ikke
sikkert du får stipend før utpå høsten. Det gjelder derfor å ha
penger på kontoen selv om du ikke har fått stipendet.
Reise-utgifter
ved obligatoriske ekskursjoner er tatt med i skolepengene. På
kortere frivillige turer, der elevene stiller med egen bil, betaler
passasjerer direkte til sjåfør.
Terminkarakteren vurderes ned én grad ved 12
prikker i én termin. Teminkarakteren vurderes nedsatt to grader
ved 32 prikker én termin.