|
12. mars 2012
RETTAR OG PLIKTER FOR ELEVAR VED KVS-BYGLAND
REGLEMENT FOR ELEVAR VED KVS-BYGLAND
Forskrift fastsett 21.03. 2007 av skolen sitt styre, med heimel i friskoleloven §3-9.
§ 1 FORMÅL
Det er Indremisjonsforbundet som eig og driv skolen. Skolen sitt mål er å dyktiggjera ungdommen for yrkeslivet og livet i heimen og samfunnet, og søkja å fremja karaktervekst og personleg kristenliv hos elevane. Målet søkjer ein å nå ved god fagleg og allmenn utdanning og ved å arbeida for eit godt kristent miljø ved skolen.
Skolen blir leidd i kristen ånd. Elevar og andre som har sitt virke ved skolen, må i samsvar med dette visa fin og sømeleg framferd. Elevane må også utanfor skoleområdet oppføra seg slik at det ikkje er noko å utsetja på dei.
Formålet med reglementet er at det skal føra til godt samarbeid, god trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremja god orden og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring.
§ 2 VIRKEOMRÅDE
Reglementet gjelder for alle elever ved skolen. Reglementet gjeld også ved opplæringsformer og aktivitetar som gis under skolens ansvar og regi utanfor skolens område, så langt dette ikkje er i strid med lokalgitte påbod eller forbod.
§ 3 RETTAR
Elevane har rett til vidaregåande opplæring i samsvar med friskolelova og gjeldande forskrifter og læreplanar.
Elevane har rett og plikt til å danna elevråd, jf. § 5-3 i friskoleloven.
Elevråd og elevorganisasjonar har høve til å bruke bestemte oppslagstavler til sitt formål. Brukarane har ansvar for at presse-etiske reglar vert respekterte og at det vert rydda og halde orden på desse tavlene. Rektor har overordna ansvar for at desse oppslagstavlene ikkje vert brukt kommersielt eller uakseptabelt i høve til lovar og reglar. Alle oppslag skal være stempla. Utdeling av brosjyrar og anna materiell skal være godkjent av leiinga ved skolen.
Skolen skal legge til rette for gode arbeidsforhold for elevane sine tillitsvalde og også leggje tilhøva til rette for at elevane vert engasjerte til medviten aktivitet i politiske og samfunnsmessige spørsmål.
Elevrådsrepresentantar har rett til regelmessige møte med skoleleiinga.
§ 4 PLIKTER
a. Elevane har plikt til å retta seg etter dei lovar, reglement og instruksar som gjeld til ei kvar tid.
b. Elevane pliktar å ta aktivt del i opplæringa i den form den blir gitt eller avtalt.
c. Eleven skal så snart som råd ta kontakt med faglærar dersom han/ho ikkje kan gjera arbeid til avtalt tid.
d. Elevane skal retta seg etter dei vernereglar og bruka det arbeidstøy og verneutstyr som vert kravd i læreplanen eller som er påbode av arbeidstilsynet, departementet eller skolen.
e. Elevane skal halde seg med lærestoff, materiell og utstyr til eige bruk som skolen ikkje held.
f. Skolens eigedom og utstyr skal handsamast forsiktig. Hærverk og skader kan medføre erstatningsansvar, jf. skadeerstatningslova.
g. Elevar over 18 år som gjennom sitt arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjent med teiepliktige opplysningar, har teieplikt etter forvaltningslova sine reglar.
§ 13 - 13 f. Teieplikta gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring.
§ 5 ARBEIDS- OG LÆRINGSMILJØET
Eit godt arbeids- og læringsmiljø er grunnleggjande for god opplæring.
Det skal derfor leggast vekt på å skapa eit godt miljø i vidaregåande opplæring prega av engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer. Det er viktig å vise respekt og medansvar og unngå eller hindra åtferd som har negativ verknad på miljøet.
Viser til § 2-4 i friskolelova.
I tillegg gjelder:
a. Mobiltelefon er ikkje tillate brukt medan opplæring føregår, dersom ikkje anna er avtalt med rektor/klassestyrar.
b. Arbeidsvanane i vidaregåande opplæring skal vera prega av at ein viser ansvar og orden, og at ein er ryddig, punktleg og påliteleg.
c. Det er ikkje tillate å bruka skolen til å fremja kommersielle interesser ovafor elevane.
e. Ingen har lov til å røykja eller bruka tobakk i skolen sine bygningar og lokale skolen leiger. Røyking er bare tillate utandørs på fastsett røykeplass og skal ikkje førekoma ved inngangane.
d. Bruk eller oppbevaring av rusmiddel er forbode i skoletida, også ved ekskursjonar. Det er også forbode å være påverka av rusmiddel. Brot på dette vil føra til særskilt refsingstiltak.
e. Det er forbode å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skolen sitt område i skoletida og ved ekskursjonar, dersom det ikkje er ein del av undervisninga.
f. Det er ikkje tillate å bruka skolens dataanlegg til å lasta ned, lesa eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som kan oppfattast som krenkande, eller som er i strid med norsk lov.
§ 6 OPPMØTE OG FRÅVÆR
a. Aktiv deltaking er naudsynt for god læring. Elevane er forplikta til å møta presis til opplæringa med mindre det ligg føre avtale med faglærar eller rektor om ei anna arbeidsform.
b. Dersom ein elev blir sjuk eller av tvingande grunn må forlate opplæringa i løpet av skoledagen, skal han eller ho alltid melda frå til klassestyrar/faglærer eller skolens kontor.
c. Dersom fråværet varer meir enn tre dagar i samanheng, skal skolen ha melding.
d. Skolen skal prøve å hjelpe elevar som får mykje fråvær på grunn av langvarig/kronisk sjukdom eller omsorgsansvar (ekstra opplæring, ekstra prøver, sjølvstendig studiearbeid) for å unngå tap av opplæring og vurderingsgrunnlag. Dette krev også interesse og innsats frå eleven si side.
e. Elevar som er mykje borte frå undervisninga på grunn av organisasjonsarbeid, skal kunne få tilrettelegging og vegleiing, samt tilbod om ekstra prøver, for å unngå tap av opplæring og vurderingsgrunnlag.
f. Alt fråvær blir ført jfr forskrift til friskoleloven §4-32.
g. Høgt fråvær kan medføra at det faglege vurderingsgrunnlaget blir så svekka at det ikkje kan setjast termin- eller standpunktkarakterar. Kvar einskild elev skal vurderast individuelt og heilskapleg, mellom anna ut frå eleven si deltaking i prøvar, innleveringar og liknande. Det skal gjevast varsel jfr § 4-10 i forskrift til friskoleloven
§ 7 FUSK ELLER FORSØK PÅ FUSK
Ikkje tillatne hjelpemiddel, og ikkje tillaten kommunikasjon med andre i ein prøvesituasjon reknast som fusk. Det same gjeld avskrift av andre sitt arbeid som vert innlevert som eige produkt. Fusk eller forsøk på fusk vert sett på som eit brot på gjeldande reglement og kravet til elevane si orden og åtferd, jf. § 8. Karakteren på den prøven/innleveringa det gjeld, blir annullert. Konsekvensane av dette kan bli at eleven ikkje får termin- eller standpunktkarakter og får nedsett karakter i orden og åtferd. Dermed kan eleven misse retten til å gå opp til eksamen i faget. Dersom ein elev blir teken i fusk eller forsøk på fusk i samband med eksamen, skal forholdet meldast til rektor og/eller eksamensansvarleg og handsamast etter reglane i sentralgitt forskrift.
§ 8 KONSEKVENSAR FOR ELEVAR SOM BRYT REGLEMENTET
Brot på reglementet vil resultera i reaksjonar mot eleven i form av refsingstiltak eller særskilt tiltak.
Refsingstiltak vil vera:
· Påtale frå tilsette ved skolen.
· Utelukking frå klasse/gruppe for resten av timen etter avgjerd av faglærar
· Utelukking frå skolen for resten av skoledagen etter avgjerd av rektor Ved alvorlige brot på ordensreglementet, eller dersom negative forhold ikkje betrar seg etter refsingstiltak, kan særskilt tiltak setjast i verk.
Særskilte tiltak er:
· Bortvisning av eleven frå og med ein hel skoledag og inntil fem skoledagar etter avgjerd av rektor.
·Utelukking frå skuletur.
· Bortvisning for resten av skoleåret i medhald av friskolelova. § 3-10 etter vedtak i fylkeskommunen. Dette kan medføra at eleven i tillegg taper retten til vidaregåande opplæring etter § 3-2 i same lov. Tiltaka skal dokumenterast.
I tillegg til refsingstiltak eller særskilt tiltak kan til dømes dette vera ein konsekvens av brot på reglementet:
· Avgrensa tilgang til spesielle aktivitetar ved fornya eller alvorlege brot på reglar/retningslinjer for slike aktivitetar.
· Ved skade og liknande på skolens eigedom, vil det måtte gjerast reingjering/istandsetjing, evt. betale erstatning (jf. skadeserstatningsloven).
· Brot på reglementet vil bli teke med i vurderinga ved fastsetjing av termin- og standpunktkarakter i orden og åtferd.
§ 9 SAKSBEHANDLING
Før refsingstiltak blir brukt, skal eleven ha høve til munnleg å forklara seg for den som skal ta avgjerda. Ved særskilt tiltak skal rektor først rådføre seg med eleven sine lærarar. Før særskilt tiltak tas i bruk skal skolen først vurdera alternative tiltak, for eksempel hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og rådgjevar eller sosialpedagogisk personale skal ha hatt høve til å uttala seg.
Særskilt tiltak reknast som enkeltvedtak etter forvaltningsloven, og eleven har dermed rett til dokumentinnsyn, til å uttala seg som part i saka og å klage på eit vedtak i samsvar med kapitel IV -VI i forvaltningsloven. Eleven har rett til nærare vegleiing om sine rettar som part og framgangsmåte ved klage. Klageinstans er Fylkesmannen.
§ 10 KONTAKT SKOLE/HEIM
Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom skole og heim, og foreldre/føresette for umyndige elevar har også krav på formell informasjon om enkelte spesielle forhold. Dette gjeld særlig de forhold som er viktige for at eleven skal nå målet med opplæringen. Skolen går ut frå at elevane sjølv vidareformidlar aktuell informasjon til foreldre/føresette. Det gis dessutan samanfattande skriftlig og/eller munnleg informasjon i samband med foreldremøte og elles ved spesielle saker, jf. nedanfor.
Det vert kalla inn til foreldremøte kvart halvår.
Elev og foreldre/føresette for umyndig elev har rett til:
· Melding om termin- og standpunktkarakterer.
· Melding ved gjentatt refsingstiltak.
· Nærare informasjon dersom ein vesentleg eller spesielt risikofylt del av opplæring/aktivitetar skal skje utanom skolens område.
· Partsrettar i samband med saksførebuing, underretning og klage ved særskilt tiltak.
· Informasjon når eleven får høgt fråvær.
· Informasjon om særlige problem i forhold til opplæring/skolegang, under dette behov for spesialundervisning.
· Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd, utformast i samarbeid med elev og foreldre, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.
· Informasjon om forhold ved skolen/verksemda som kan ha negativ verknad på helsa (jf. § 5 i forskrift om miljørettet helsevern).
· Informasjon om skolens reglement.











