Internatreglement

Skriv ut
PDF

Reglement for internat og fritid ved KVS-Bygland

Fastsett av skolens styre 01.12.2010

Målsetjing

Det er Indremisjonsforbundet som eig og driv skolen. Skolen sitt mål er å dyktiggjera ungdommen for yrkeslivet og livet i heimen og samfunnet, og søkja å fremja karaktervekst og personleg kristenliv hos elevane. Målet søkjer ein å nå ved god fagleg og allmenn utdanning og ved å arbeida for eit godt kristent miljø ved skolen.

§1. Skolen blir leidd i kristen ånd. Elevar og andre som har sitt virke ved skolen, må i samsvar med dette visa fin og sømeleg framferd. Elevane må også utanfor skoleområdet oppføra seg slik at det ikkje er noko å utsetja på dei.

§2. Det er buplikt på skolen for dei som ikkje kan bu hos sine foreldre/føresette. Elevane må ta omsyn til kvar­andre. På internatet må det ikkje spelast høg musikk eller lagast bråk, slik at det ikkje er arb­eidsro på roma. Alle elevar må rette seg etter gjeldande ro-tider, og skal overnatte på sitt rom.

 

§3. Alle skal skriva seg på permis­jonslista innan fredag formiddag, anten dei skal vera på skolen eller skal heim/vekk i helga. Dei som ikkje har fylt 18 år, må ha med løyve frå foreldre / føre­sette der­som dei skal reise andre stader enn heim.

 

§4. Det er forbode å nyta eller ha i si varetekt alkohol eller andre rus­ande middel. Det er for­bode å vera rusa på skolen sitt område eller på arra­ngement eller reiser under sko­len si leiing og ansvar.

 

§5. Røyking er tillate bare på tilvist røykeplass.  Røyking inne (sneiper og lukt på rommet) fører til at rommet blir vaska ned for romleigaren si rekning. Røyking på korridor/altan fører til tilsvarande kostnad med nedvasking av korridor.

 

§6. Av omsyn til brannfare er det heller ikkje lov til å tenna stearinlys eller røykelse, unntatt telys som flyt i vatn.

 

§7. Bilar må plasserast slik skolen fastset. Bilar som står utanom desse områda risikerer å verta taua vekk på eigars rekning. Uregistrerte bilar kan bare takast inn etter avtale med skolen. Bilane kan då eventuelt stå i elevverkstaden i maks to veker.  Syklar og motor­syklar skal plasserast på tilvist plass. Fartsgrense på skoletunet er 25 km/t. 

 

§8. Elev­ane må ikkje ha skytevåpen og ammunisjon på skolen sitt område utan etter nærare avtale.  Spren­gstoff og fyrverkeri er heilt forbode på skolen sitt område.

 

§9. Elevane er an­svarlege for inn­buet og romet dei er tildelt. Oppslag og lik­nande som kan vera støy­tande kan bli fjerna, eller kravd fjerna. Det er ikkje høve til å ha egne kvitevarer, med unnatak av kjøleskap. Elevane må til ei kvar tid halda god romorden. Rom og innbu skal ikkje bytast utan etter avtale med skolen. Elevane sine rom skal vera ryddige og reine. Skolen har tilsynsrett på elevromma. Ved skoleårets slutt blir det utstedt internatvitnemål. Husk også å tenke enøk: Bl.a. ved å skru ned radiator når du opnar vindauge.

 

§10. Kost og losjisatsane inkluderer rom, fellesrom og måltider. Husleige må betalast kvar månad. Ein betaler for det rommet ein til ei kvar tid har. Dersom du ufrivillig hamnar på eit enkeltrom må du betale den aktuelle enkeltromsatsen. Elevar som vil flytte ut av internatet må betale full sats i oppseiingstida, som er 3-tre- månader. Det kan gjerast unnatak frå dette.

 

§11. Det er i utgangspunktet pålagte plikter med korridorvask og kjøkkenteneste. Dei som ikkje stiller opp til dette får merknader og må betale for vikar. I staden for kjøkkenteneste kan du velja å betala. Hugs også at plassen din i matsalen skal ryddast etter måltida.

 

§12. Dersom du vil ha besøkande for overnatting, skal det avtalast med husmor. Besøk midt i veka vert avgjort etter søknad.  Besøkande betaler for seg før dei reiser. Du er ansvarleg for at dine gjester betaler.

Overnatting på eige rom gjeld kun personar av same kjønn. Gjestar må også førast på gjesteliste.  Gjester må innrette seg etter skolens reglar.

Det er ikkje lov å ta inn i elev­heimane rusa pers­onar eller per­sonar som lagar bråk.  Rom­eigaren eller andre må straks seia i frå til husfar når det er slike folk på skolen.

 

§13. Skade på bygn­ingar, innbu, dyr, utstyr m.m. må straks meldast til skolen av dei som oppdagar skaden eller er skuld i denne. Elevane er ansvarleg for skade dei valdar som skuldast uvøren framferd eller aktløyse, og må då svara fullt vederlag. Blir skaden ikkje meld, er det å rekna som hærverk og vil få disiplinære konsekvensar.

 

§ 14. Reglar for bruk av skolens dataanlegg

a) Vanlege reglar som gjeld for mellom-menneskelege forhold, gjeld også for Internett og  elektronisk kommunikasjon (for eksempel: e-post, chat, msm, sms, IRC) ved KVS-Bygland. Det tyder mellom anna at ein skal  bruka eit allment akseptert språk i kommunikasjon med andre menneske.  Mobbing via nett er ulovlig og kan bli meldt til politiet.

b) Reglane gjeld for alle maskinar som blir kopla til skolens nettverk, og frittståande maskinar på skolen sitt internat.

c) Det er forbode å søkja etter, laste ned, lagre, skrive ut, eller spreie materiale via Internett som:        - inneheld pornografi, nazistisk og eller rasistisk propaganda.

            - inneheld hat, oppfordring til bruk av narkotika, vald eller andre brotsverk

- har til formål å skada maskinar eller andre personar

 

d) Det er forbode å sende e-post som har til formål å skada, til dømes ”mail-bombing” virusspreiing etc.

 

e) Det er forbode å logga seg inn på eller prøva å bryte seg inn på ein annan sin konto. Det er ikkje tillate å informere andre om sitt eige eller andre sitt passord.

 

f) Kvar brukar er sjølv ansvarleg dersom det blir gjort avtalar på Internett, økonomisk eller på annan måte.

 

g) Skolen er ikkje ansvarleg dersom privat datautstyr blir borte eller filer/data forsvinn.

 

§15. Brot på reglementet for internat og fritid kan frå skolen si side føra til desse tiltaka:

 - Rådgjeving

 - Åtvaring

 - Beslaglegging av støykilde

 - Melding til heimen

 - Refsingstiltak

t.d. påtale frå rektor / inspektør, utelukking frå internat og skolen sitt område.

 - Særskilde refsingstiltak:


Utelukke frå skuletur.

 Utelukke frå internat og skolen sitt område for lenger tid. Til dømes brot på §4, hærverk, misbruk av brannalarm, ulovleg bruk/oppbevaring av fyrverkeri og mobbing vil normalt føra til særskilt refsingstiltak.

 - Bortvising

Utelukking for meir enn 5 dagar. Vert brukt ved alvorlegare forsømingar og regelbrot, og vil automatisk i tillegg føre til utelukking frå skulen. I alvorlege tilfelle eller ved 60 prikkar, kan eleven bli utelukka for godt. Plikta til betaling opphøyrer ikkje utan vidare av den grunn. Utelukking frå undervisninga fører automatisk til utlukking frå internatet.

 

§ 16. Før refsingstiltak blir brukt, skal eleven ha høve til munnleg å forklara seg for den som skal ta avgjerda. Før særskilt tiltak tas i bruk skal skolen først vurdera alternative tiltak, for eksempel hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og rådgjevar eller sosialpedagogisk personale skal ha hatt høve til å uttala seg.

Særskilt tiltak reknast som enkeltvedtak etter forvaltningsloven, og eleven har dermed rett til dokumentinnsyn, til å uttala seg som part i saka og å klage på eit vedtak i samsvar med kapitel IV -VI i forvaltningsloven. Eleven har rett til nærare vegleiing om sine rettar som part og framgangsmåte ved klage. Klageinstans er styret for skolen.


 

Søk

Hva skjer?

There are no upcoming events currently scheduled.
View full calendar

Google Translator

Kalender

Mai 2013 Juni 2013
Ma Ti On To Fr
1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 31