OM
  SKOLEN
 

 Historikk, eierskap og profil    Skolens eiendommer    Beliggenhet     

Internatreglement   Se også:►Elevreglement

Fastsatt av skolens styre 24.03.2004

Målsetjing

Det er Indremisjonsforbundet som eig og driv skolen. Skolen sitt mål er å dyktiggjera ungdommen for yrkeslivet og livet i heimen og samfunnet, og søkja å fremja karaktervekst og personleg kristenliv hos elevane. Målet søkjer ein å nå ved god fagleg og allmenn utdanning og ved å arbeida for eit godt kristent miljø ved skolen.

§1. Skolen blir leidd i kristen ånd. Elevar og andre som har sitt virke ved skolen, må i samsvar med dette visa fin og sømeleg framferd. Elevane må også utanfor skoleområdet oppføra seg slik at det ikkje er noko å utsetja på dei.

§2. Det er buplikt på skolen for dei som ikkje kan bu hos sine foreldre/føresette. Elevane må ta omsyn til kvarandre. På internatet må det ikkje spelast høg musikk eller lagast bråk, slik at det ikkje er arbeidsro på roma. Alle elevar må rette seg etter gjeldande ro-tider, og skal overnatte på sitt rom.

§3. Alle skal skriva seg på permisjonslista innan fredag formiddag, anten dei skal vera på skolen eller skal heim/vekk i helga. Dei som ikkje har fylt 18 år, må ha med løyve frå foreldre / føresette dersom dei skal reise andre stader enn heim.

§4. Det er forbode å nyta eller ha i si varetekt alkohol eller andre rusande middel. Det er forbode å vera rusa på skolen sitt område eller på arrangement eller reiser under skolen si leiing og ansvar.

§5. Røyking er tillate bare på tilvist røykeplass.  Røyking inne (sneiper og lukt på rommet) fører til at rommet blir vaska ned for romleigaren si rekning. Røyking på korridor/altan fører til tilsvarande kostnad med nedvasking av korridor.

§6. Av omsyn til brannfare er det heller ikkje lov til å tenna stearinlys eller røykelse, unntatt telys som flyt i vatn.

§7. Bilar må plasserast slik skolen fastset. Bilar som står utanom desse områda risikerer å verta taua vekk på eigars rekning. Uregistrerte bilar kan bare takast inn etter avtale med skolen. Bilane kan då eventuelt stå i elevverkstaden i maks to veker.  Syklar og motorsyklar skal plasserast på tilvist plass. Fartsgrense på skoletunet er 25 km/t. 

§8. Elevane må ikkje ha skytevåpen og ammunisjon på skolen sitt område utan etter nærare avtale.  Sprengstoff og fyrverkeri er heilt forbode på skolen sitt område.

§9. Elevane er ansvarlege for innbuet og romet dei er tildelt. Oppslag og liknande som kan vera støytande kan bli fjerna, eller kravd fjerna. Det er ikkje høve til å ha egne kvitevarer, med unnatak av kjøleskap. Elevane må til ei kvar tid halda god romorden. Rom og innbu skal ikkje bytast utan etter avtale med skolen. Elevane sine rom skal vera ryddige og reine. Skolen har tilsynsrett på elevromma. Ved skoleårets slutt blir det utstedt internatvitnemål. Husk også å tenke enøk: Bl.a. ved å skru ned radiator når du opnar vindauge.

§10. Kost og losjisatsane inkluderer rom, fellesrom og måltider. Husleige må betalast kvar månad. Ein betaler for det rommet ein til ei kvar tid har. Dersom du ufrivillig hamnar på eit enkeltrom må du betale den aktuelle enkeltromsatsen. Elevar som vil flytte ut av internatet må betale full sats i oppseiingstida, som er 3-tre- månader. Det kan gjerast unnatak frå dette.

§11. Det er i utgangspunktet pålagte plikter med korridorvask og kjøkkenteneste. Dei som ikkje stiller opp til dette får merknader og må betale for vikar. I staden for kjøkkenteneste kan du velja å betala. Hugs også at plassen din i matsalen skal ryddast etter måltida.

§12. Dersom du vil ha besøkande for overnatting, skal det avtalast med husmor. Besøk midt i veka vert avgjort etter søknad.  Besøkande betaler for seg før dei reiser. Du er ansvarleg for at dine gjester betaler.

Overnatting på eige rom gjeld kun personar av same kjønn. Gjestar må også førast på gjesteliste.  Gjester må innrette seg etter skolens reglar.

Det er ikkje lov å ta inn i elevheimane rusa personar eller personar som lagar bråk.  Romeigaren eller andre må straks seia i frå til husfar når det er slike folk på skolen.

§13. Skade på bygningar, innbu, dyr, utstyr m.m. må straks meldast til skolen av dei som oppdagar skaden eller er skuld i denne. Elevane er ansvarleg for skade dei valdar som skuldast uvøren framferd eller aktløyse, og må då svara fullt vederlag. Blir skaden ikkje meld, er det å rekna som hærverk og vil få disiplinære konsekvensar.

§14. Bruk av video, DVD film, og liknande, kan skje etter inngått avtale. Fast internettilknyting er bare tillate på avtalt rom.

§15. For at den enkelte elev skal få lov å sjå film på rommet, åleine eller saman med andre, må det skrivast ein kontrakt med skolen. Kontrakten seier at:

- Film og video avspeling avsluttast seinast ved rotid på internatet.
- Det er forbode å sjå filmar/videoar som inneheld: Grov vald, pornografi, Støytande scener, rasistisk eller nazistisk propaganda.
- Den som viser filmen er ansvarlig for at ingen som er yngre enn aldersgrensa sett på filmen er til stade.
- Husfar skal til ei kvar tid kunne sjå coveret til filmen og filmen.

§ 16. Reglar for bruk av skolens dataanlegg

a) Vanlege reglar som gjeld for mellom-menneskelege forhold, gjeld også for Internett og  elektronisk kommunikasjon (for eksempel: e-post, chat, msm, sms, IRC) ved KVS-Bygland. Det tyder mellom anna at ein skal  bruka eit allment akseptert språk i kommunikasjon med andre menneske.

b) Reglane gjeld for alle maskinar som blir kopla til skolens nettverk, og frittståande maskinar på skolen sitt internat.

c) Det er forbode å søkja etter, laste ned, lagre, skrive ut, eller spreie materiale via Internett som:           - inneheld pornografi, nazistisk og eller rasistisk propaganda.

            - inneheld hat, oppfordring til bruk av narkotika, vald eller andre brotsverk

- har til formål å skada maskinar eller andre personar

d) Det er forbode å sende e-post som har til formål å skada, til dømes "mail-bombing" virusspreiing etc.

e) Det er forbode å logga seg inn på eller prøva å bryte seg inn på ein annan sin konto. Det er ikkje tillate å informere andre om sitt eige eller andre sitt passord.

f) Kvar brukar er sjølv ansvarleg dersom det blir gjort avtalar på Internett, økonomisk eller på annan måte.

g) Når eleven ikkje sit ved PCen, skal vedkomande vera logga ut.

h) Kvar elev har ein viss lagringsplass tilgjengeleg på sitt heimeområde. Dersom grensa blir overskreden kan systemansvarleg utan varsel sletta filer for å koma under grensa.

i) Skolen er ikkje ansvarleg dersom privat datautstyr blir borte eller filer/data forsvinn.

§17. Brot på reglementet for internat og fritid kan frå skolen si side føra til desse tiltaka:

 - Rådgjeving

 - Åtvaring

 - Beslaglegging av støykilde

 - Melding til heimen

 - Refsingstiltak

t.d. påtale frå rektor / inspektør, utelukking frå internat og skolen sitt område.

 - Særskilde refsingstiltak

Utelukke frå internat og skolen sitt område for lenger tid. Til dømes brot på §4, hærverk, misbruk av brannalarm, ulovleg bruk/oppbevaring av fyrverkeri vil normalt føra til særskilt refsingstiltak.

 - Bortvising

Utelukking for meir enn 5 dagar. Vert brukt ved alvorlegare forsømingar og regelbrot. I alvorlege tilfelle eller ved 60 prikkar, kan eleven bli utelukka for godt. Plikta til betaling opphøyrer ikkje utan vidare av den grunn. Utelukking frå undervisninga fører automatisk til utlukking frå internatet.

§ 18. Før refsingstiltak blir brukt, skal eleven ha høve til munnleg å forklara seg for den som skal ta avgjerda. Før særskilt tiltak tas i bruk skal skolen først vurdera alternative tiltak, for eksempel hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og rådgjevar eller sosialpedagogisk personale skal ha hatt høve til å uttala seg.

Særskilt tiltak reknast som enkeltvedtak etter forvaltningsloven, og eleven har dermed rett til dokumentinnsyn, til å uttala seg som part i saka og å klage på eit vedtak i samsvar med kapitel IV -VI i forvaltningsloven. Eleven har rett til nærare vegleiing om sine rettar som part og framgangsmåte ved klage. Klageinstans er styret for skolen.

 

Reglement for elevar ved KVS-Bygland
(Rettar og pliktar)

Forskrift fastsett 24.03. 2004 av skolen sitt styre, med heimel i friskolelova.

§ 1 FORMÅL

Det er Indremisjonsforbundet som eig og driv skolen. Skolen sitt mål er å dyktiggjera ungdommen for yrkeslivet og livet i heimen og samfunnet, og søkja å fremja karaktervekst og personleg kristenliv hos elevane. Målet søkjer ein å nå ved god fagleg og allmenn utdanning og ved å arbeida for eit godt kristent miljø ved skolen.

Skolen blir leidd i kristen ånd. Elevar og andre som har sitt virke ved skolen, må i samsvar med dette visa fin og sømeleg framferd. Elevane må også utanfor skoleområdet oppføra seg slik at det ikkje er noko å utsetja på dei.

Formålet med reglementet er at det skal føra til godt samarbeid, god trivsel, respekt og medansvar. Reglementet skal fremja god orden og gode arbeidsvanar og slik leggje til rette for god læring.

§ 2 VIRKEOMRÅDE

Reglementet gjelder for alle elever ved skolen under opplæring og, så langt det høver, også for lærlingar, hospitantar og andre når opplæringa føregår i skolens regi. Reglementet gjeld også ved opplæringsformer og aktivitetar som gis under skolens ansvar og regi utanfor skolens område, så langt dette ikkje er i strid med lokalgitte påbod eller forbod.

§ 3 RETTAR

a. Elevane har rett til vidaregåande opplæring samsvar med opplæringslova og gjeldande læreplanar.

b. I samarbeid med klassen og klassens lærarar, har elevane rett til medverknad ved:

· Val av arbeids-, opplærings- og vurderingsformer/-metodar.

· Planlegging, gjennomføring og evaluering av si eiga opplæring/undervisning.

· Val av lærestoff innafor ramma av læreplanane.

· Oppsett av mål, periodeplanar og gjennomføring av desse.

· Utarbeiding av reglar for godt arbeids- og læringsmiljø i klassen.

c. Elevane har rett til å få vegleiing og tilbakemelding i forhold til de måla den einskilde arbeider etter. Det bør haldast minst to elevsamtalar kvart halvår, jf. § 4-10 i forskrift til opplæringslova. Elevsamtalar er førebudde samtalar mellom elev og klassestyrar, evt. ein annan lærar.

d. Ved faglege, personlege eller sosiale vanskar som har verkar inn på opplæringa, har elevane rett til rådgjeving, oppfølging og hjelp med å finne seg til rette, og tilgang til sosial- og spesialpedagogisk teneste.

e. Elevane har rett til rådgjeving om utdanning og yrkesval

f. Elevane har rett til å delta i skolevurdering, dvs. ei vurdering av i kva grad skolen si organisering, tilrettelegging og gjennomføring av opplæringa verkar til å nå dei mål som er fastsett for eleven/gruppa/klassen.

g. Elevane har rett til og bør ta opp med skolen (faglærar, klassestyrar, rådgjevar, leiinga, eventuelt gjennom elevtillitsvalde) forhold som ikkje fungerer tilfredsstillande.

Dette kan til dømes vera:

· At læreplanane ikkje vert følgde

· At eleven ikkje får den hjelpa han/ho ber om

· Manglar ved det utstyret som vert bruket i undervisninga

· Manglande medverknad i planlegging m.v. (jf. pkt. b)

· Dårlig fysisk eller psykisk læringsmiljø eller klassemiljø

h. Elevane har rett og plikt til å danna elevråd, jf. § 11-6 i opplæringsloven. Elevråd og elevorganisasjonar har høve til å bruke bestemte oppslagstavler til sitt formål. Brukarane har ansvar for at presse-etiske reglar vert respekterte og at det vert rydda og halde orden på desse tavlene. Rektor har overordna ansvar for at desse oppslagstavlene ikkje vert brukt kommersielt eller uakseptabelt i høve til lovar og reglar. Alle oppslag skal være stempla. Utdeling av brosjyrar og anna materiell skal være godkjent av leiinga ved skolen.

Skolen skal legge til rette for gode arbeidsforhold for elevane sine tillitsvalde og også leggje tilhøva til rette for at elevane vert engasjerte til medviten aktivitet i politiske og samfunnsmessige spørsmål.

Elevrådsrepresentantar har rett til regelmessige møte med skoleleiinga.

§ 4 PLIKTER

a. Elevane har plikt til å retta seg etter dei lovar, reglement og instruksar som gjeld til ei kvar tid.

b. Elevane pliktar å ta aktivt del i opplæringa i den form den blir gitt eller avtalt.

c. Eleven skal så snart som råd ta kontakt med faglærar dersom han/ho ikkje kan gjera arbeid til avtalt tid.

d. Elevane skal retta seg etter dei vernereglar og bruka det arbeidstøy og verneutstyr som vert kravd i læreplanen eller som er påbode av arbeidstilsynet, departementet eller skolen.

e. Elevane skal halde seg med lærestoff, materiell og utstyr til eige bruk som skolen ikkje held.

f. Skolens eigedom og utstyr skal handsamast forsiktig. Hærverk og skader kan medføre erstatningsansvar, jf. skadeerstatningslova.

g. Elevar over 18 år som gjennom sitt arbeid, oppdrag eller verv i samband med vidaregåande opplæring blir kjent med teiepliktige opplysningar, har teieplikt etter forvaltningslova sine reglar

§ 13 - 13 f. Teieplikta gjeld også etter at eleven har avslutta vidaregåande opplæring.

§ 5 ARBEIDS- OG LÆRINGSMILJØET

Eit godt arbeids- og læringsmiljø er grunnleggjande for god opplæring.

Det skal derfor leggast vekt på å skapa eit godt miljø i vidaregåande opplæring prega av engasjement, aktiv deltaking og gode samarbeidsformer. Det er viktig å vise respekt og medansvar og unngå eller hindra åtferd som har negativ verknad på miljøet.

a. Alle har ansvar for å medverka til eit godt skolemiljø. Plaging, mobbing, vold eller anna krenkande åtferd skal ikkje aksepterast.

b. Alle skal opptre slik at krav til helse og hygiene blir ivareteke.

c. Mobiltelefon er ikkje tillate brukt medan opplæring føregår,  dersom ikkje anna er avtalt med rektor/klassestyrar.

d. Arbeidsvanane i vidaregåande opplæring skal vera prega av at ein viser ansvar og orden, og at ein er ryddig, punktleg og påliteleg.

e. Det er ikkje tillate å bruka skolen til å fremja kommersielle interesser ovafor elevane.

f. Ingen har lov til å røykja eller bruka tobakk i skolen sine bygningar og lokale skolen leiger. Røyking er bare tillate utandørs på fastsett røykeplass og skal ikkje førekoma ved inngangane.

g. Bruk eller oppbevaring av rusmiddel er forbode i skoletida, også ved ekskursjonar. Det er også forbode å være påverka av rusmiddel.

h. Det er forbode å ha med seg farlege gjenstandar eller våpen på skolen sitt område i skoletida og ved ekskursjonar, dersom det ikkje er ein del av undervisninga.

i. Det er ikkje tillate å bruka skolens dataanlegg til å lasta ned, lesa eller spreie pornografisk, rasistisk eller anna materiale som kan oppfattast som krenkande, eller som er i strid med norsk lov.

§ 6 OPPMØTE OG FRÅVÆR

a. Aktiv deltaking er naudsynt for god læring. Elevane er forplikta til å møta presis til opplæringa med mindre det ligg føre avtale med faglærar eller rektor om ei anna arbeidsform.

b. Dersom ein elev blir sjuk eller av tvingande grunn må forlate opplæringa i løpet av skoledagen, skal han eller ho alltid melda frå til klassestyrar/faglærer eller skolens kontor.

c. Dersom fråværet varer meir enn tre dagar i samanheng, skal skolen ha melding.

d. Skolen skal prøve å hjelpe elevar som får mykje fråvær på grunn av langvarig/kronisk sjukdom eller omsorgsansvar (ekstra opplæring, ekstra prøver, sjølvstendig studiearbeid) for å unngå tap av opplæring og vurderingsgrunnlag. Dette krev også interesse og innsats frå eleven si side.

e. Elevar som er mykje borte frå undervisninga på grunn av organisasjonsarbeid, skal kunne få tilrettelegging og vegleiing, samt tilbod om ekstra prøver, for å unngå tap av opplæring og vurderingsgrunnlag.

f. Alt fråvær blir ført på vitnemål og kompetansebevis. Fråvær blir ført i dagar og enkelttimar. For delkurselever føres fråvær bare i enkelttimar. Eleven kan krevja at grunnen til fråværet vert påført dokumentasjonen (dvs. vitnemålet, kompetansebeviset m.v.), men er sjølv ansvarleg for å dokumentere årsaka til fråværet.

g. Høgt fråvær kan medføra at det faglege vurderingsgrunnlaget blir så svekka at det ikkje kan setjast termin- eller standpunktkarakterar. Kvar einskild elev skal vurderast individuelt og heilskapleg, mellom anna ut frå eleven si deltaking i prøvar, innleveringar og liknande. Vegleiande grense for tap av karakter er 15 % fråvær i 3-5 timers fag og 20 % fråvær i 1-2-timars fag. Det skal gjevast varsel utan ugrunna opphald når det er fare for at det ikkje kan gjevast greidd standpunktkarakter, eller at det ikkje er grunnlag for å gje karakterar. Vegleiande grense for varsel om fare for tap av karakter er 10 - 12 % fråvær, men det er ei fagleg vurdering som skal leggjast til grunn.

Avgrensa oppover til samla 14 dagar i skoleåret reknast ikkje dette som fråvær, og bør  kompenserast ved eleven sin eigen innsats tilrettelagt av skolen:

· Arbeid som tillitsvald i landsdekkande organisasjonar på regionalt plan eller landsplan.

· Arbeid som tillitsvald i elevorganisasjon på regionalt plan eller landsplan.

· Dokumenterte lovpålagte oppmøte

· Dokumentert langvarig eller kronisk sjukdom (tilsaman 2 veker eller meir)

· Kortare velferdspermisjonar, som ved

- dødsfall/sjukdom i nærmaste familie

- deltaking i gravferd

- naudsynte lege-/tannlegebehandling

- heimreise for dei som ikkje kjem heim på dagen (tilsaman inntil 2 dagar)

· Organisert hjelpearbeid i krisesituasjonar.

· Inntil to dagar ved religiøse høgtider for elevar som er medlemmer i andre trossamfunn enn Den norske kirke.

For at inntil 14 dagar av dette ikkje skal førast som fråvær, må eleven levere naudsynt dokumentasjon til klassestyrar/skoleleiinga.

h. Organisert eller sjølvstendig studiearbeid, og skoleadministrative gjeremål, etter avtale med faglærer eller rektor, reknast ikkje som fråvær.

§ 7 FUSK ELLER FORSØK PÅ FUSK

Ikkje tillatne hjelpemiddel, og ikkje tillaten kommunikasjon med andre i ein prøvesituasjon reknast som fusk. Det same gjeld avskrift av andre sitt arbeid som vert innlevert som eige produkt. Fusk eller forsøk på fusk vert sett på som eit brot på gjeldande reglement og kravet til elevane si orden og åtferd, jf. § 8. Karakteren på den prøven/innleveringa det gjeld, blir annullert. Konsekvensane av dette kan bli at eleven ikkje får termin- eller standpunktkarakter og får nedsett karakter i orden og åtferd. Dermed kan eleven misse retten til å gå opp til eksamen i faget. Dersom ein elev blir teken i fusk eller forsøk på fusk i samband med eksamen, skal forholdet meldast til rektor og/eller eksamensansvarleg og handsamast etter reglane i sentralgitt forskrift.

§ 8 KONSEKVENSAR FOR ELEVAR SOM BRYT REGLEMENTET

Brot på reglementet vil resultera i reaksjonar mot eleven i form av refsingstiltak eller særskilt tiltak.

Refsingstiltak vil vera:

· Påtale frå tilsette ved skolen.

· Utelukking frå klasse/gruppe for resten av timen etter avgjerd av faglærar

· Utelukking frå skolen for resten av skoledagen etter avgjerd av rektor Ved alvorlige brot på ordensreglementet, eller dersom negative forhold ikkje betrar seg etter refsingstiltak, kan særskilt tiltak setjast i verk.

Særskilte tiltak er:

· Bortvisning av eleven frå og med ein hel skoledag og inntil fem skoledagar etter avgjerd av rektor.

· Bortvisning for resten av skoleåret i medhald av Oppl. § 3-8 etter vedtak i fylkeskommunen. Dette kan medføra at eleven i tillegg taper retten til vidaregåande opplæring etter § 3-1 i same lov. Tiltaka skal dokumenterast.

I tillegg til refsingstiltak eller særskilt tiltak kan til dømes dette vera ein konsekvens av brot på reglementet:

· Avgrensa tilgang til spesielle aktivitetar ved fornya eller alvorlege brot på reglar/retningslinjer for slike aktivitetar.

· Ved skade og liknande på skolens eigedom, vil det måtte gjerast reingjering/istandsetjing, evt. betale erstatning (jf. skadeserstatningsloven).

· Brot på reglementet vil bli teke med i vurderinga ved fastsetjing av termin- og standpunktkarakter i orden og åtferd.

§ 9 SAKSBEHANDLING

Før refsingstiltak blir brukt, skal eleven ha høve til munnleg å forklara seg for den som skal ta avgjerda. Ved særskilt tiltak skal rektor først rådføre seg med eleven sine lærarar. Før særskilt tiltak tas i bruk skal skolen først vurdera alternative tiltak, for eksempel hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og rådgjevar eller sosialpedagogisk personale skal ha hatt høve til å uttala seg.

Særskilt tiltak reknast som enkeltvedtak etter forvaltningsloven, og eleven har dermed rett til dokumentinnsyn, til å uttala seg som part i saka og å klage på eit vedtak i samsvar med kapitel IV -VI i forvaltningsloven. Eleven har rett til nærare vegleiing om sine rettar som part og framgangsmåte ved klage. Klageinstans er Fylkesmannen.

§ 10 KONTAKT SKOLE/HEIM

Det skal leggjast vekt på å skape gode samarbeidsformer mellom skole og heim, og foreldre/føresette for umyndige elevar har også krav på formell informasjon om enkelte spesielle forhold. Dette gjeld særlig de forhold som er viktige for at eleven skal nå målet med opplæringen. Skolen går ut frå at elevane sjølv vidareformidlar aktuell informasjon til foreldre/føresette. Det gis dessutan samanfattande skriftlig og/eller munnleg informasjon i samband med foreldremøte og elles ved spesielle saker, jf. nedanfor.

Det vert kalla inn til foreldremøte kvart halvår.

Elev og foreldre/føresette for umyndig elev har rett til:

· Melding om termin- og standpunktkarakterer.

· Begrunnet varsel om fare for ikkje vurdert/ikkje bestått i fag og nedsett karakter i orden/atferd.

· Melding ved gjentatt refsingstiltak.

· Nærare informasjon dersom ein vesentleg eller spesielt risikofylt del av opplæring/aktivitetar skal skje utanom skolens område.

· Partsrettar i samband med saksførebuing, underretning og klage ved særskilt tiltak.

· Informasjon når eleven får høgt fråvær.

· Informasjon om særlige problem i forhold til opplæring/skolegang, under dette behov for spesialundervisning.

· Tilbod om spesialundervisning skal så langt råd, utformast i samarbeid med elev og foreldre, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

· Informasjon om forhold ved skolen/verksemda som kan ha negativ verknad på helsa (jf. § 5 i forskrift om miljørettet helsevern).

· Informasjon om skolens reglement.

§12. Dersom du vil ha besøkande for overnatting, skal det avtalast med husmor. Besøk midt i veka vert avgjort etter søknad.  Besøkande betaler for seg før dei reiser. Du er ansvarleg for at dine gjester betaler.

Overnatting på eige rom gjeld kun personar av same kjønn. Gjestar må også førast på gjesteliste.  Gjester må innrette seg etter skolens reglar.

Det er ikkje lov å ta inn i elevheimane rusa personar eller personar som lagar bråk.  Romeigaren eller andre må straks seia i frå til husfar når det er slike folk på skolen.

§13. Skade på bygningar, innbu, dyr, utstyr m.m. må straks meldast til skolen av dei som oppdagar skaden eller er skuld i denne. Elevane er ansvarleg for skade dei valdar som skuldast uvøren framferd eller aktløyse, og må då svara fullt vederlag. Blir skaden ikkje meld, er det å rekna som hærverk og vil få disiplinære konsekvensar.

§14. Bruk av video, DVD film, og liknande, kan skje etter inngått avtale. Fast internettilknyting er bare tillate på avtalt rom.

§15. For at den enkelte elev skal få lov å sjå film på rommet, åleine eller saman med andre, må det skrivast ein kontrakt med skolen. Kontrakten seier at:

- Film og video avspeling avsluttast seinast ved rotid på internatet.
- Det er forbode å sjå filmar/videoar som inneheld: Grov vald, pornografi, Støytande scener, rasistisk eller nazistisk propaganda.
- Den som viser filmen er ansvarlig for at ingen som er yngre enn aldersgrensa sett på filmen er til stade.
- Husfar skal til ei kvar tid kunne sjå coveret til filmen og filmen.

§ 16. Reglar for bruk av skolens dataanlegg

a) Vanlege reglar som gjeld for mellom-menneskelege forhold, gjeld også for Internett og  elektronisk kommunikasjon (for eksempel: e-post, chat, msm, sms, IRC) ved KVS-Bygland. Det tyder mellom anna at ein skal  bruka eit allment akseptert språk i kommunikasjon med andre menneske.

b) Reglane gjeld for alle maskinar som blir kopla til skolens nettverk, og frittståande maskinar på skolen sitt internat.

c) Det er forbode å søkja etter, laste ned, lagre, skrive ut, eller spreie materiale via Internett som:           - inneheld pornografi, nazistisk og eller rasistisk propaganda.

            - inneheld hat, oppfordring til bruk av narkotika, vald eller andre brotsverk

- har til formål å skada maskinar eller andre personar

d) Det er forbode å sende e-post som har til formål å skada, til dømes "mail-bombing" virusspreiing etc.

e) Det er forbode å logga seg inn på eller prøva å bryte seg inn på ein annan sin konto. Det er ikkje tillate å informere andre om sitt eige eller andre sitt passord.

f) Kvar brukar er sjølv ansvarleg dersom det blir gjort avtalar på Internett, økonomisk eller på annan måte.

g) Når eleven ikkje sit ved PCen, skal vedkomande vera logga ut.

h) Kvar elev har ein viss lagringsplass tilgjengeleg på sitt heimeområde. Dersom grensa blir overskreden kan systemansvarleg utan varsel sletta filer for å koma under grensa.

i) Skolen er ikkje ansvarleg dersom privat datautstyr blir borte eller filer/data forsvinn.

§17. Brot på reglementet for internat og fritid kan frå skolen si side føra til desse tiltaka:

 - Rådgjeving

 - Åtvaring

 - Beslaglegging av støykilde

 - Melding til heimen

 - Refsingstiltak

t.d. påtale frå rektor / inspektør, utelukking frå internat og skolen sitt område.

 - Særskilde refsingstiltak

Utelukke frå internat og skolen sitt område for lenger tid. Til dømes brot på §4, hærverk, misbruk av brannalarm, ulovleg bruk/oppbevaring av fyrverkeri vil normalt føra til særskilt refsingstiltak.

 - Bortvising

Utelukking for meir enn 5 dagar. Vert brukt ved alvorlegare forsømingar og regelbrot. I alvorlege tilfelle eller ved 60 prikkar, kan eleven bli utelukka for godt. Plikta til betaling opphøyrer ikkje utan vidare av den grunn. Utelukking frå undervisninga fører automatisk til utlukking frå internatet.

§ 18. Før refsingstiltak blir brukt, skal eleven ha høve til munnleg å forklara seg for den som skal ta avgjerda. Før særskilt tiltak tas i bruk skal skolen først vurdera alternative tiltak, for eksempel hjelpetiltak og/eller individuell kontrakt, og rådgjevar eller sosialpedagogisk personale skal ha hatt høve til å uttala seg.

Særskilt tiltak reknast som enkeltvedtak etter forvaltningsloven, og eleven har dermed rett til dokumentinnsyn, til å uttala seg som part i saka og å klage på eit vedtak i samsvar med kapitel IV -VI i forvaltningsloven. Eleven har rett til nærare vegleiing om sine rettar som part og framgangsmåte ved klage. Klageinstans er styret for skolen.

 

KVS-Bygland, 4745 Bygland. Tlf. 37935118, fax 37935117, mail: post@kvs-bygland.no, kontonr. 8220.02.80705